STAS - Suldal trening- og aktivitetssenter

  • Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
STAS - Suldal trening og aktivitetssenter

Redusert resepsjonstid frå veke 25

E-post Skriv ut PDF

Frå og med neste veke vert det redusert resepsjonstid på STAS. Resepsjonen er bemanna tysdag og torsdag 16:00-20:00. Elles er me å treffa på Facebook eller via mail; Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .

 

Påmelding til timar i sommar

E-post Skriv ut PDF

Påmelding til timane på sommartimeplanen stengjer 3 timar før. For at timane skal gå som oppsett er det sett forbehold om minimum 3 påmeldte. Me oppfordrar alle som skal vere med på timar eller som skal melde seg av ein time om å gjere det innan fristen. Dersom ein møter opp til ein time utan å vere påmeldt kan ein risikere at timen ikkje går grunna for få påmeldte. Det same gjeld også dei som skal melde seg av.

 

Ha ein fin sommar, håpar me ser deg på STAS :-)

 

Ryfylkedagstilbod på treningskler til alle medlemmer på STAS

E-post Skriv ut PDF

I samband med Ryfylkedagane vil STAS ha tilbod på treningskler. Alle våre medlemmer vil få 20% rabatt på treningskler i veke 23. Kjøp av treningskler skjer i resepsjonstida vår.

 

Ønskjer du å bli instruktør på STAS?

E-post Skriv ut PDF

Har du eit ønskje om å bli instruktør hjå oss? Me ønskjer å kome i kontakt med treningsglade personar som har lyst til å instruere andre. Har du lyst, eller kjenner du nokon som har lyst til å vere instruktør håpar me at du tek kontakt :-) Aktuelle instruktørar vil få opplæring og bør vere over 18 år.

 

Sommartimeplan

E-post Skriv ut PDF

Frå 17/6 vert det eigen sommartimeplan på STAS. Timeplanen vert noko redusert ettersom pågangen på gruppetimar erfaringsmessig er mindre i sommarmånadane. Det vil vere ein noko varierande timeplan frå veke til veke. Oppdatert plan vil alltid liggje på nettsida vår under "påmelding til timar"

Me vil ønskje alle våre medlemmer ein flott sommar!

Sist oppdatert onsdag 29. mai 2013 13:59
 


Side 1 av 4

Medlemskap

369,- pr mnd ved 12 mnd binding, etter bindingstida kan ein behalde månadsprisen på kr 369,- ved å binde seg for nye 12 mnd eller gå over på ein månadspris på kr 399,-. Det er då mogleg å seie opp avtalen med ein månads oppseiingstid.

Innmeldingsavgift kr 500,- Dersom ein melder seg ut av STAS for så å melde seg inn att på eit seinare tidspunkt må ein pårekne ny innmeldingsavgift.

Opningstider

Opningstider alle dagar:

05:30 - 22:00

Treningssenteret vil vere bemanna deler av dagen, utanom vil ein kunne låse seg inn og trene ved hjelp av medlemskortet.

Resepsjonen er bemanna:

Måndag og onsdag 12:30-19:45

Tysdag og torsdag 08:30-1600 og 16:15-19:45

Kontakt oss

STAS

Øvre Dalane 12

4230 Sand

post@stas-suldal.no

tlf 52781047

Dagleg leiar:

Aina Fuglestein